LEAF utviklar ein arkitekturmodell for å etablera lenker mellom distribuerte namnekatalogar (autoritetsfilar i biblioteksverda) og å gjera desse katalogane tilgjengelege. Systemet kan henta inn spreidde namnekatalogar til det sentrale systemet og samordnar automatisk namnepostar på identiske einingar.
Namneinformasjon som kjem inn som resultat av eit søk, vert samla i ein felles-europeisk namnekatalog ("Central Name Authority File"). Denne katalogen veks med kvart søk, og reflekterer dei namnedata som er mest relevante for LEAF-brukarane. Dette vil gje bibliotek og arkiv høve til å konsentrera arbeidet med å betra eigne namnekatalogar om namn som dei veit er etterspurde. Registrerte brukarar vil kunna levera tilleggsinformasjon til einskilde namnepostar i LEAF-katalogen, inspisera tillegg frå andre brukarar og lasta ned namnepostar i ulike format.
Prosjektmodellen skal implementerast som ei utbygging av den eksisterande søkjetenesta i ein online-katalog over moderne handskrifter og brev, som var resultatet av MALVINE-prosjektet. Dei bibliografiske funksjonane i MALVINE vil altså verta utbygd med ei global, fleirspråkleg informasjonsteneste over personar, institusjonar og firma basert på brukarbehov.
Arkitekturmodellen er også innretta mot andre typar kulturhistoriske eller vitskapelege objekt- og dataregister der bruk av namnekatalogar kan betra søkjekvaliteten.
LEAF-systemet vil såleis visa korleis interaktiv bruk av kulturhistorisk /vitskapeleg informasjon kan gje brukaren eit betydeleg betre resultat. Her finn du meir informasjon (på engelsk). |